Ingrediensar:

  • 100 g valnøtter eller mandlar
  • 8 ms mjuk margarin
  • 100 g kvitt sukker
  • 100 g brunt sukker
  • 1 egg
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ms vaniljesukker
  • 2 ts vatn
  • 100 g sjokolade (gjerne både mørk og lys)
  • 4 dl kveitemjøl
  • ½ ts salt

 

Rist nøttene i omnen ved 200oC i 10 minutt, eller til de er gylne. Pisk smøret i en miksar til det er kvitt, ha i sukkeret og pisk til det er godt blanda.

 

Tilsett egg, bakepulver og vaniljesukker. Kjør nøtter og sjokolade i ein hurtigmiksar. Pass på at nøttene er kalde, elles smelter sjokoladen… (ja, eg snakkar av erfaring.)

 

Bland inn de rista nøtter, sjokoladebitane, kveitemjøl og salt, mens miksaren går på lav hastighet. Miks til alt er godt blanda.

Form deigen til en tykk pølse, og legg den i kjøleskapet til den er kald.

Del deigen i 12 like store stykker. Legg den på en plate og trykk de litt flate. De flyter litt ut, så la det være seks-sju cm mellom kvar kake.

Steik dei i 20-22 minutt ved 190oC til dei er fint brune. La dei kjølne på rist, men dei er himla gode så snart de er kalde nok til at du ikkje brenn deg når du puttar dei i munnen.