Denne suppa er så uendeleg god. Enda langt betre enn biletet tilseier!

 

Til middag for to himla svoltne treng du om lag:

  • 1 stor squash (ca 400-500 gram), i terningar
  • 1 eple, i terningar
  • 1-2 gulrøtter, i terningar
  • 1 løk, i terningar
  • 6 dl god kyllingkraft (eventuelt grønnsaksbuljong)
  • 3-4 ss creme fraiche
  • salt og pepper
  • tabasco
  • litt mynte og persille (kan sløyfast)
  • 4 skiver spekeskinke (kan sløyfast)

 

Skrell alle grønsakene og eplet og skjær dei i små terningar. Kok grønsakene møyre i kyllingkrafta, det tek om lag 10 minutt. Ha i crepe fraiche (eller matfløyte) og bruk stavmiksar til du får ei jamn suppe. Smak til med salt, pepar og tabasco. Har du friske krydderurter, slik som mynte og/eller persille kan du smaka til med det og.

Suppa kan fint nytast som ho er, men det er veldig godt med sprøsteikt spekeskinke til: Du kan sprøsteika spekeskinka i litt olje eller smør og la skivene renna av på litt kjøkkenpapir før du har det på suppa som garnityr.