Heimelaga pasta er slett ikkje like raskt og enkelt som kjøpepasta. Men fy søren så godt det er. Hugs å finna plass til at pastaen kan få henga til tørk når du er ferdig, for elles klistrar han seg saman og vert litt mindre lekker. For å seie det mildt. Server gjerne pastaen med kjøtbollar!

 

Du treng:

  • 250 g italiensk kveitemjøl, tipo 00
  • 1 egg
  • 4 eggeplommer
  •  1 ss olivenolje
  • 1 ss vatn

 

Hiv alt saman i ein kjøkenmaskin og kjør det saman. Det vert smulete, og så knar du deigen saman med hendene. Du skal jobba godt med han, for trikset med god pastadeig er at du eltar han nok – då vil glutenet få gjort jobben sin og pastaen vert silkemjuk og fabelaktig. Viss du IKKJE jobbar nok med han, vil han tvert om verte soggy og udigg når du kokar han. Til åtvaring. Eg høyrte i eit matprogram at det er fyrst når ein har jobba skikkeleg med pastadeig ein skjøner korleis det har seg at italienske bestemødrer har heftige armar.

Deigen skal ikkje vere klissete, men heller ikkje for hard, så reguler med litt vatn eller eventuelt meir egg, eller mjøl etter kva som trengs. Når du har knadd saman deigen legg du han i kjøleskapet i minst ein time, under plastfolie. Sørg for at det ikkje kjem luft til, for hard pastadeig er ikkje særleg godt, og er vanskeleg å jobba med.

Sørg for at du har godt med plass til å arbeida rundt deg. Og finn stader du kan henga opp pastaen viss du lagar mykje og ikkje har tenkt å eta alt med EIN gong.

Ta om lag like mykje pastadeig som storleiken på ei appelsin og trykk han flat med fingrane. Køyr han gjennom pastamaskinen på den tjukkaste innstillinga. Brett, og køyr gjennom att. Etter kvart kan du jobba deg gjennom innstillingane, så du får tynnare og tynnare pastadeig, men gjenta bretting fleire gongar. Dette er dei glutengreiene att. Det tek tid, men er altså heilt essensielt.

Når du har jobbba deg gjennom all pastaen og køyrt han flat og forma til tagliatelle, spagetti, lasagneplater eller kva du no lagar kan du koka han: Hugs berre at fersk pasta koker ferdig på om lag 1-2 minutt! Kok i lettsalta vatn.