Spagetti og kjøtboller er ikkje fancy, men det er veldig, veldig godt. Denne oppskrifta held til fire-fem, og er fin for oss som berre er to, for her er det mat for to dagar. Kjempekjekt. Bruk forresten veldig gjerne den heimelaga pastaen frå denne oppskrifta. Det er særleg godt.

Det løner seg å ha tomatsausen klar slik at du kan lempa kjøtbollane i sausen så snart dei er stekt ferdig, så begynn med den:

 

Tomatsaus

  • 800g (2 bokser) hakka tomater
  • olivenolje til steiking
  • 1 lauk, hakka
  • 4 feidd kvitlauk, finhakka
  • grovsalt
  • nykverna pepper
  • basilikum

 

Steik lauk i olje til han er mjuk og får litt farge. Ha i kvitlauk og steik til han er mjuk. Tilset tomater og salt, pepper og basilikum. Kok opp og la det koka medan du tilbereder kjøttbollene. Sausen skal koka så lenge at han tjukner litt.

 

 

Kjøtbollar

  • 450 g kjøtdeig av storfe
  • 450 g køttdeig av svin
  • 1.5 feidd hvitløk, finhakket
  • 2 store egg
  • 100 g raspa parmesan
  • 100 g finhakka breidblada persille
  • salt og nykvernet pepper
  • 250 g tørt brød malt til smuler
  • 5 dl vann
  • oliven olje for steking

 

Bland kjøtet saman i ein stor bolle med hendene. Ha i kvitlauk, egg, ost, persille, salt og pappar. Hald fram med å blanda for hand til det er godt blanda. Ha i brødsmulane og bland att. Ha i vatn litt og litt, og bland vidare. Kor mykje vatn du skal ha i avhengjer av kor mjuke du vil bollane skal verte. Eg liker mengda eg har sett opp her. Blandinga skal verte ganske våt.

Rull kjøtbollar og steik dei i varm olje. Det skal vere så varmt at det freser når du har dei i panna. Når dei er brune og gjennomsteikte har du dei i tomatsausen. Viss du ikkje vil eta alt no kan du legga til side dei du ikkje kjem til å eta og berre frysa dei når dei er kalde.

 

La kjøtbollane koka vidare i tomatsausen til du skal servera dei. Server med pasta, parmesan, kanskje litt olivenolje og gjerne med salat og brød.