Det er så lett å tenka at kjeks utan sjokoladebitar ikkje er noko. Det er feil. Desse kjeksa her er VERKELEG noko. Eg trur faktisk dei er dei beste kjeksane eg veit om. I tillegg er jo kjeks utruleg takknemlege ting å laga – det går fort og alle elskar dei. Fint (og så vert kjærastar glade viss dei får ein i matpakka. Eller du kan ha dei med på kollokviegruppa di og verte ein ettertrakta studieven).

24 stk

  • 125 g smør
  • 3 1/2 dl sukker
  • 1 egg
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 1/2 dl havregryn
  • 2 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts bakepulver

 

Rør smør og sukker kvitt og porøst. Rør inn egget. Bland sammen de tørre ingrediensane og ha det smørblandingen litt etter litt. Rør godt.

Del deigen i to og form kvar deig bit til en lang rull. Bruk gjerne litt mjøl på hendene, for det er ganske klissete.

Del kvar rull i ca. 12 biter og trill dei til små bollar. Legg på to bakebrett med bakepapir. Trykk dei litt flate.

Steik i ca. 10 minutter på 200 grader til de er litt gylne. Avkjøles på rist.