Restekjærleik

Eg er ikkje alltid så utruleg god på å berekna kor mykje mat me eigentleg kjem til å eta. Det er lett å bli litt entusiastisk og ta i litt, synst eg. Av og til er det likevel slett ikkje eit problem – ein kan ofte godt bruka god mat ein gong til! Og sidan det er ein herleg sommardag er det godt når maten eigentleg lagar seg sjølv.

 

Sommarsuppe

  • omnsbakte grønsaker (her var det: ymse lauk, gulrot, søtpotet, kålrabi, og godt med tomater)
  • koriander og rosmarin
  • godt med parmesan
  • salt, peppar
  • litt olivenolje
  • litt sitron
  • ein mjølkeskvett

Varm opp dei omnsbakte grønsakene med litt vatn og mjølk. Mos med stavmiksar og tilset eventuelt meir mjølk til du får ønska konsistens. Smak til med salt og peppar og urter. Server med urter og skvis over litt sitron, og ha på godt med riven parmesan. Så godt, så enkelt, på ein så fin dag.

← Previous post

Next post →

1 Comment

  1. Elin Hidle

    Dette er jo intet mindre enn genialt!
    Stavmiksar <3

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.