Eg trudde ein kunne servera sånne femi salatgreier til seine fredagsmiddagar, men det kunne ein visst ikkje. No er kosefredag innført, med pizza, lasagne, kjøtbollar, kyllinglår med steikte poteter eller nachos. For meg er det rart at fredag=machomiddag (og at det altså er desse matrettane her), men sånn er det! Den sjukt gode chilisausen kjem opprinneleg frå Trines Matblogg.

 

Kjøtsaus:

  • 400 gram karbonadedeig
  • 1,5 ss tacokrydder
  • 1 stor lauk
  • 1 raud paprika
  • 2 fedd kvitlauk
  • 0,5 raud chili
  • ½ dl vatn
«Fundament»:
  • nachochips
  • riven gulost
Chilisaus:
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 lauk
  • ca ½ finhakka raud chili
  • 2 fedd finhakka kvitlauk
  • 1 ss sukker
  • salt, peppar

Tilbehør, til dømes:

  • Tomater
  • Mais
  • Salat
  • Rømme/kesam

 

Byrje med chilisausen: Finhakk alt og fres chili og lauk i litt smør eller olje i ein kjele med tjukk botn til lauken er mjuk. Ha så i resten av sausen. Kjør sausen glatt med stavmiksar. Sausen kan du servera varm eller kald.

 

Kjøtsausen: Finhakk alt, og steik lauk, paprika, kvitlauk og chili i litt olje til lauken er mjuk. Legg dette til side. Steik kjøtdeigen og i tacokrydderet. Så har du i vatn og laukblandinga du steikte for litt sidan. La det småkoka litt til sausen får ein fin konsistens.

Fordel nachochipsen på eit stort ildfast fat eller på to tallerkenar. Ha kjøtblandingen over og ha på riven ost. Set det i omnen på 200 grader i om lag 5-6 minutt til osten har smelta og byrja å få litt farge.

Server med tilbehør litt salat-ting og kesam eller rømme.

God fredagskveld!

 

Heimelaga tacokrydder 

Det er himla lett og fornuftig å laga tacokrydderet sjølv. Det er til dømes billigare, og du slepp smaksforsterkarar og sukkeret som er i det og alt anna tøys og tull.

Du treng:

  • 3 ss chilipulver
  • 2,5 ts knuste chiliflak
  • 2,5 ts tørka oregano
  • 2 ss spisskummin
  • 2 ss paprikapulver
  • 2,5 ts kvitlaukspulver
  • 1,5-2 ss havsalt
  • 2 ts svart peper

Bland alt saman og ha det i eit lite glas eller ein boks til neste gong du skal laga taco eller liknande. Forøvrig ei super julegåve til han litlebroren din som ikkje set like stor pris på heimelaga vaniljesukker eller cookies på glas eller andre slike femi greier..🙂