Eltefritt brød

Eg liker så godt ting som er enkelt, godt og som går bra kvar einaste gong. Difor liker eg så himla godt desse eltefrie brøda. Dei får sprø skorpe og ein herleg smak, litt som surdeigsbrød, med eit absolutt minimum av arbeid. Det er deilig. Det tek litt tid og planlegging, men er så godt som fritt for arbeid. Her er fire av dei beste variantane eg har prøvd, eit fint, eit grovt med nøtter og frø, eit kvitlauksbrød og eit kanel- og rosinbrød. Viss du, som eg, liker litt visuelle ting, kan du sjå denne videoen som viser korleis prosessen med brøda er, trinn for trinn. Oppskriftene er henta frå same blogg.

FINT BRØD

Du treng:

  • 500 gram kveitemjøl
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 ½ ts salt
  • 4 dl kaldt vatn
  • En gryte med lokk som tåler 250 C, t.d. ei jerngryte

 

Ha mjøl, gjær, salt og vatn i en bolle, og rør det berre nok til at alt er blanda med ei tresleiv eller noko. Deigen skal vere veldig klissete. Dekk til bollen med plast, og set han til heving i romtemperatur i 12-18 timer. Deigen er boblete på overflaten når han er ferdig heva.

Hell deigen ut på eit bakepapir med mjøl på og brett han over seg sjølv nokre par gongar.

Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han ligga der til etterheving i om lag 2 timer.

Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming.

Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i minst 2 timer), tek du gryta ut av omnen.

Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Sett på lokket og putt heile greia i omnen.

Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til.

GROVT BRØD

Dette er ein betraktelig grovare variant enn det fine brødet, og det kan jo være greitt innimellom. Det blir nok en del meir kompakt enn dei finere variantane, men det er berre sånn det er. Kjempegodt til matpakkebrød, for eksempel. Varier gjerne med nøtter og andre frø.

Du trenger:

  • 300 g kveitemjøl
  • 50 g sammale kveite
  • 50 g sammale rug
  • 100 g havregryn
  • 75 g linfrø, graskarfrø og solsikkefrø (i alt)
  • 50 g valnøtter og hasselnøtter (i alt)
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 ½ ts salt
  • 4 dl kaldt vatn

Mal gjerne frøa, eller la dei være hele viss du vil. Hakk nøttene litt. Bland alt saman, og bruk framgangsmåten for fint brød.

KVITLAUKSBRØD

Dette er ein stor favoritt hjå oss! Det er særlig godt til suppe, salat eller til andre ting du kunne tenka deg kvitlauksbrød til. Hos oss pleier me å ha kvitlauksbrød særlig til linsesuppe. Det er altså så utruleg godt. Det er ein god idé å skjæra opp brødet og fryse ned det du ikkje et opp med ein gong, så kan du ta opp en skive når du treng det. Viss du ikkje trur du klarer å få ete alt på en gong då (det klarer som regel me…)

Server med smør.

Du treng:

  • 500 g kveitemjøl
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 ½ ts salt
  • 3,25 dl kaldt vatn
  • 0,75 dl olivenolje
  • 30 kvitlauksfeidd frå kvitlauksconfit

Bland saman alt, og set til heving som i den vanlige oppskrifta. Prøv å ikkje mosa kvitlauksfedda heilt. Steik og hev og gjer dei tinga som vanlig.

KANEL- OG ROSINBRØD

Kanel- og rosinbrød er kanongodt. Denne varianten har ikkje særlig mykje sukker i, men er så god at han nesten kan reknast som ei kake! Server med smør og gul- eller brunost. Kjempegodt!

Du trenger:

  • 500 gram kveitemjøl
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 ½ ts salt
  • 150  g rosiner
  • 2 dl mjølk (gjerne lett)
  • 2 dl kaldt vatn
  • 1 ms kanel og 2 ms sukker som strø

Bland saman alt med unntagen kanelen og sukkeret som skal bli strø, og følg den vanlege framgangsmåten. Når du har latt det heva i 12-18 timer heller du det over på bakepapiret. Bland kanelen og sukkeret saman i ei lita skål, og strø litt av blandinga oppå deigen. Brett så den eine sida av deigen over og strø på meir av sukker- og kanelblandinga. Gjenta med bretting og strøing til du har brukt opp blandinga, og hell deigen over i gryte og steik på vanleg måte.

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Sånn vil jeg lage! Hah. Gleder meg mer og mer til post-eksamenstid jeg altså 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.