Frukost og forresten ei verdig løysing på litt tørt brød: Arme riddarar.

Arme riddarar:

Du treng:

  • 2 brødskiver
  • 1 egg
  • 3 ss mjølk
  • smør til å steika i

Slik gjer du:
Visp saman egg og mjølk og legg skivene til bløyt der før du steiker dei i litt smør på litt over middels varme. Server med syltetøy eller bær eller sukker og kanel.