Dette er kanskje den beste suppa eg veit. Så enkelt. Så godt. Tenk at det går an. Eg fekk oppskrifta frå fine Christine frå kollokviegruppa etter at ho, raust, delte suppe frå thermos på ein litt kald og tung vinterdag. Kjempefint. Dette er nok til ei middels stor kollokvie.

  • 1 lauk
  • 2 feidd kvitlauk, finhakka
  • 0,5 raud chili, finhakka
  • 1,5 terning kyllingbuljong
  • 3 ms tomatpure
  • 1 boks hermetiske tomater, hakka
  • 6-7 dl vatn
  • 1 boks kvite bøner
  • 3 dl kokte linser
  • 5 soltørka tomater, i biter
  • salt og nykverna svart pear
  • om lag 1 ts riven ingefær
  • 2 kyllingfiletar, i bitar
  • finhakka basilikum til pynt
  • litt creme fraiche eller kesam
  • brød

 

Fres lauk, kvitlauk og chili i litt olje til lauken er mjuk og blank, men ikkje til han får farge. Ha i tomatpure, buljong, hermetiske tomater, vatn, bøner, linser og soltørka tomater, og kok det opp. Smak til med ingefær. La det stå og putra under lokk i om lag 10 minutt. Steik kyllingen i litt smør.

Ha i kylling, og smak til suppa med salt og pepar. Strø over litt finhakka basilikum og server med ein litan klatt kesam og godt brød til.