Pannekaker

Då me var små var det pannekakedag på fredagane i Grovik. Så laga far nesten uendelege mengder små pannekaker som me fekk eta med sukker eller syltetøy. Somme gonger hadde me av og til sirup på og, men sidan me tok på absolutt alt lukta det sirup og vart klissete over alt, så det tok slutt på eit tidspunkt. Og det var nok sikkert det klokaste.

  • 10dl lettmjølk
  • 5 dl kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 5 egg

Bland saman mjøl og salt og rør inn om lag halvparten av mjølka. Rør det saman til ei glatt røre og ha i smelta smør. Visp saman egga og ha i resten av mjølka og rør det heile saman. La røra svella i minst eit kvarter før du steiker pannekakene. Juster med meir mjølk eller mjøl viss du synst røra er for rennande eller for fast.

Litt av kosen med pannekaker er jo å eta mange, mange. Då kan du godt laga dei litt små. Viss du vil fylla dei er det derimot betre å laga dei litt større, så klart.

 

 

Slik såg det til dømes ut etter pannekakedag då me var små. Syster-meg.

← Previous post

Next post →

1 Comment

  1. Jepp, slik så det ut!
    Så hyggelig å se igjen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.