Det er å spele ganske høgt å påstå at du lagar verdas beste bollar. Men desse kjem altså ganske høgt opp. Verkeleg. Du kan frysa dei og ta dei opp og la dei tina i ein god time før du varmar dei i fem minutt på 175 grader. Så smakar dei nesten som nybakte att. Eit godt tips til eksamenslesing, til dømes. Eller viss du berre treng noko godt.

 

Dette treng du:

Til ca 24 boller

  • 1 kg kveitemjøl
  • 150 gram melis
  • 6 dl mjølk
  • ca 40 gram fersk gjær
  • 1 egg
  • 150 gram smør
  • 3-4 klyper havsalt
  • 2 ts kardemomme
  • 1 egg til pensling

 

Slik gjer du:

Kok opp mjølk og melis. La det avkjøla til fingertemperatur og pisk forsiktig inn egget. Rør ut gjæren og. Bland mjøl, salt og kardemomme i ein bakebolle, bland saman og tilsett det våte. Rør lett saman med ein slikkepott og elt deigen i minst 15 minutt – helst i ein kjøkkenmaskin. Til slutt har du i smøret, helst romtemperert, i terningar (så vert så luftig og fint då!). La det røra seg godt inn. Set deigen til heving med plastfolie over bollen på lun stad i ein time.

Sett omnen på 220 grader.

Trill ut bollar og legg dei på steikebrett kledt med bakepapir. La bollane etterheva omtrent 20 minutt. Pisk saman egget, og smør bollane varsamt så dei ikkje klappar saman. Steik på midterste rille i ca 10-15 minutt til dei ser gylne og fine ut. Om det ser ut som bollane blir litt brent på toppen utan at de er gjennomsteikte, legg over et bakepapir for beskyttelse. Avkjøl på rist.