Hjartefrukost

Du kan laga hjarter i egg. Skjer eit papprektangel på 10×20 cm og brettar det sånn at det får sider på 5×20 cm. Det må vere litt stiv papp. Du treng og to strikkar og ein pinne, til dømes ein blyant. Hardkok eit egg, skrell det medan det framleis er varmt og legg det nedi v-forma. Press v-en saman og press ein blyant ned i egget sånn på langs. Hald alt saman eller fest det i endane med strikk i eit minutt eller så. Det gir hjarteform på egget når du lagar skiver av det. Ganske fint?

Frokostsorbet: Ha nokre desiliter frosne bringebær i ein blender og fyll på med litt juice. Blend det så du får ein tjukk, tjukk og jamn blanding, det er som is.

 

 

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Elin Hidle

    Eg <3 hjartefrukost!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.