Lasagna til middag på dagar kor ein verkeleg fortener det. Det er ikkje heilt vanleg at me et så mykje kjøtdeig eller raudt kjøtt for den del, til vanleg som me har gjort i det siste. Det har berre vore sal på kjøtdeig og nokre gonger når det nærmar seg eksamen og det er helg så får det berre vere greitt. Trøystemat på ein dårleg lesedag. Så då så. Dette held til to svoltne.

 

Kjøtsaus:

  • 200 g kjøtdeig
  • 0,5 lauk, finhakka
  • 1 gulrot, i skiver
  • 1 fedd kvitlauk
  • 0,5 boks hakka tomater
  • 1 ms olivenolje
  • 1 ms tomatpure
  • 7 cherrytomater, heile
  • 1 dl kraft
  • hakka basilikum
  • 1 ts sukker
Steik kjøttdeig og lauk og ha oppi resten. Ha i basilikum heilt, heilt til slutt, like før du skal setta saman lasagna, elles mistar han smaken. Smak til med kryddera. Ikkje rør for mykje så tomatene vert heilt øydelagde – eg synst det er sjarmerande om dei er litt heile.

Kvit saus:

  • 1,5 ms smør
  • 1 ms mjøl
  • 2 dl mjølk
  • 4 skiver gulost
  • salt, peppar, riven muskattnøtt
Varm opp ei gryte og ha i smør og mjøl. Rør til det samlar seg og spe forsiktig med mjølk. Rør heile tida, så det ikkje vert klumpar og ikkje svir seg. Det må og koka nokre minutt så mjølsmaken forsvinn. Ha i ost og krydder, og la osten smelta.

Anna:

  • Lasagneplater (eg berre laga pasta og kjevla ut nokre litt tjukke skiver)
  • Gulost

Viss du bruker pastamaskin, så kjevle platene ut på storleik 5. Det er meiningslaust å laga dei for tynne!

 

Legg alt saman lag for lag i ei eldfast form. Avslutt med kvit saus og ha gulost på toppen. Viss du bruker fersk pasta held det å setta inn lasagna i omnen på 200 grader til osten er gyllen. Det tek kanskje ti minutt. Viss du bruker kjøpte plater må du la det stå litt lengre. La lasagna kvile litt før de et. Server med litt salat og gjerne godt brød!