Linsesuppe:

  • 4 fedd kvitlauk
  • 2 små raudlauk
  • 3 gulrøtter
  • 0,5 chili
  • 8 dl kyllingbuljong
  • 2 dl mjølk
  • 2 dl raude linser
  • 1 ms tomatpure
  • 120 g cherrytomater
  • 1 ms kesam

Steik lauken leeenge, lenge til han har vorte heilt mjuk. Ha i gulrot i biter, tomater og chili og la det surra med litt før du har i  buljong og vatn og kokar det opp. Ha så i linser og kok det ganske ferdig før du har i mjølk. Mos alt med stavmiksar og ha litt kesam i til pynt.

Brød:

  • 500 g kveitemjøl
  • 3 dl vatn, kaldt
  • 1 ts salt
  • 0,5 ts tørrgjær
  • 1 dl olivenolje (eller kvitlauksolje frå kvitlauksconfit)
  • to gode nevar kvitlauk frå kvitlauksconfit
  • 4 soltørka tomater, i små biter
  • ein god neve basilikum

Rør alt kraftig saman så kvitlaukdsfedda løyser seg litt opp. Det vert ein klissete deig. La han stå og heva på kjøkkenbenken i rundt 18 timar. Hell deigen så på eit bakepapir med mjøl, og brett han over seg sjølv slik at du får elta han litt, på ein måte. Eg bruker berre ein slikkepott, det funker kjempegodt. Gjer det ti-tolv gonger.

Legg så bakebollen over deigen på bakepapiret att, så han får etterheva med «lokk» i to timar. Etter halvannan time set du steikomnen på 250*C, og set ei eldfast form med lokk (det ideelle er nok kanskje ei jerngryte) inn. Etter dei to timane har gått har du no hatt steikomnen med gryte inni i ein halvtime. Ta ut gryta og hell deigen i. Rist litt på ho viss deigen ligg ujamnt. Legg på lokket og steik i tretti minutt på nedste rille. Når halvtimen har gått tek du av lokket og steiker eit kvarter til – i alt førtifem minutt. Hell det ferdige brødet ut av gryta og avkjøl på ei rist. Enkelt som berre det.