Det er ei veke til eksamen, eg er åleine heime og det er så mykje pensum at eg har lyst til å grina. Dessutan regner det. God fredagskveld liksom.

Så eg bestemte at då fortener eg i allefall god middag.

Eg har liksom aldri hatt eit forhold til søtpotet før, men i det siste så har eg skjønt at det er faktisk heilt fantastisk. Det same gjeld eigentleg bønner. Det er så godt, og så utruleg praktisk. Alt i alt er dette ein salat med nokre av dei beste tinga eg veit i. Det er sjukt godt med den varme søtpoteta i!

 

 

Til ein (som får nok til to måltid)

  • 1 søtpotet
  • 1 boks kvite bønner
  • 1-2 fedd kvitlauk
  • olivenolje
  • frisk rosmarin
  • sitron
  • pepper
  • salt
  • nokre never ruccola

 

Skrell og skjær søtpoteta i biter og finhakk kvitlauk. Ha litt olivenolje på og bland det litt, ha på litt salt og steik i omnen på 200 grader i 50 minutt eller til søtpotetbitene er møre. Legg ruccolaen i iskaldt vatn i 20 minutt så han vert sprø. Bruk gjerne salatslynge til å få ut vatnet etterpå, eller rist ruccolaen litt og legg han på tørkepapir.

Bland kvite bønner og søtpotet, og ha over ein god klunk olivenolje og ein god dæsj frisk sitronsaft. Riv ruccolaen i mindre biter og klypp opp litt frisk rosmarin. Bland alt saman. Topp det med peppar.