Knekkebrød

Knekkebrød er så bra på så utruleg mange måtar. Dei er sunne, gode og dei luktar fantastisk! Og du har berre i dei tinga du synst er godt. Eg lurer på om eg ikkje berre skal ha som ein regel at eg alltid skal ha eit glas med knekkebrød ståande – så gode er dei faktisk. Berre seier det. Og så er dei kjempeenkle å laga. Det einaste som er litt stress er å ha alt av ingrediensar i hus, men ein handlar vel uansett av og til..:) Og viss du vil kan du ta bort nokre av ingrediensane og byta dei ut med noko anna, så lenge måla vert det same.

Her er knekkebrød – om lag som mor lagar dei.

 

Du treng:

  • 2 dl sammalt grov rug
  • 2 dl solsikkefrø
  • 2 dl havregryn (eg bruker store og glutenfrie og knuser dei litt i foodprosessor)
  • 2 dl havrekli
  • 2 dl valnøtter, hakka
  • 1 dl linfrø, gjerne litt hakka
  • 1 dl sesamfrø
  • 1 ts salt
  • 7 dl kaldt vatn
  • litt godt salt til å strø oppå. Hugs at det er snakk om LITT!

Slik gjer du:

Knus linfrø, sesamfrø og havregryn ganske godt i foodprosessor. Ha i valnøtter og knus litt til. Det må ikkje til, men det gjer at det smakar betre. Bland alt godt saman og la det få stå og svella ein halvtime. Fordel røra på tre bakeplater med papir og stryk dei tynt og jamnt utover med slikkepott. Det blir lett litt tynt, så ikkje ta det så tungt om du ikkje får dei HEILT ut i kantane. Viss du kan sjå gjennom blir det jo hol.

Strø bittelitt salt på toppen. Steik dei såpå 180 grader på denne måten: Steik i 10 minutt, ta dei ut og bruk pizzahjul eller kniv til å dela dei i knekkebrød. Eg plar dela dei i 24. Steik dei vidare i ein halvtime til og ta dei ut. Ta knekkebrøda over på rist og steik dei på rist i 30 nye minutt, så dei blir tørre. Steik med døra litt på gløtt denne siste tida.

Knekkebrøda skal oppbevarast i ikkje heilt tett behaldar – elles vert dei mjuke. Eg har dei i eit norgesglas utan strikk.

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Elin Hidle

    Heimelaga knekkebrød er aldeles nydeleg! 🙂
    (i likhet med deg)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.