Eksamenssalat med pære og blåskimmelost

Eksamen nærmar seg ubehageleg raskt. Søren og, eg skjøner ikkje kvifor eg ikkje les jamnare gjennom året. Men sånn er eg visst. Denne salaten er kjempefin fordi han er kjempegod, er ferdig på ti sekund og er mettande. Viss du skal eta mindre kjøtt så må du få i deg protein frå andre kjelder. Gjerne nøtter. Det har denne.

 

Pære- og blåskimmelostsalat til to:

  • 1 pære
  • 1 pakke ruccola
  • 60 g blåskimmelost (best viss han kan smuldrast..:) )
  • 2 nevar valnøtter
  • 0,5 raudlauk
  • balsamicoedikk
  • olivenolje
  • 1 kvist rosmarin

Legg ruccolaen i iskaldt vatn i ti minutt før du kjører han i ei salatslynge. Viss du ikkje har ei salatslynge har du ruccolaen i eit kjøkkenhandkle og svinger det rundt deg så vatnet går ut av salaten (ganske kjekt!). Riv ruccolaen i litt mindre bitar så er han lettare å eta.

Skjær pære og raudlauk i tynne skiver. Rist valnøttene forsiktig i fem minutt i steikepanna (ikkje svi dei).

Bland ruccola, pære, lauk, rosmarin (i bitar) og smuldre blåskimmelost og valnøtter på toppen og ringle over litt balsamico og olivenolje. Server gjerne med rista brød. Himla fint.

 

← Previous post

Next post →

3 Comments

  1. Elin Hidle

    Kvirfor går det ikkje an å «like» innlegg i bloggverda..?

  2. det burde gå an å laga det. lovar du å lika innlegg viss eg finn ein knapp kanskje? 🙂

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.