SuperSara skal feira 17. mai med oss i Oslo. Det blir kjempefint. Ho flytter og til Oslo for å studera frå hausten, og det blir også veldig bra. Godt å få samla folk litt, liksom.

Men dette prøver jo å vere ein matblogg, og her er ei søtpotetsuppe med lime og kokosmjølk. Suppa er verkeleg noko for seg sjølv!

 

Søtpotetsuppe med lime og kokosmjølk

  • 2 ganske store søtpoteter
  • 1 sjalottlauk
  • 1 kvitlauksfedd
  • en del ingefær
  • 1/2 boks kokosmjølk
  • safta av 1/2 lime
  • 1/2 raud chili
  • 1 l grønnsaksbuljong

 

Del søtpotetene i biter, hakk lauken, chili, kvitlauk og ingefær. Surr lauk, kvitlauk, chili og ingefær i litt olje og ha i søtpotetene og surr litt til, før du heller over grønsaksbuljong og koker til alt er mjukt. Mos alt med stavmiksar. Ha i kokosmjølk og smak til med lime. Pynt med koriander. God middag!