No er det midt i eksamensmaset og eg har sjølvsagt ikkje eigentleg tid til å blogga. Men fordi eg er så utruleg forutseande, og tydelegvis tek bilete av alt eg driv med, har eg spart ein middag (som forresten var himla god) til no.

Det vert mykje kjøtbollar og pasta her, men er ein i eit øvingsprosjekt får det berre vere så. Her er ein sterk variant med heilt andre krydder – litt mindre «norsk» enn dei fyrste. Eg synst denne var vel så god. Denne oppskrifta held heilt sikker til fire svoltne.

 

Kjøtbollar:

  • 400 g kjøtdeig – gjerne lam!
  • 50 g pinjekjerner – hakk dei litt
  • 1 ts ingefær – finriven
  • 0,3 ts finriven muskatnøtt
  • litt kanel
  • salt, peppar
  • chili – finriven
  • 0,5 lauk – finriven
  • 2 feidd kvitlauk – finrivne
  • 1 egg
  • 2 brødskiver, tørre og malt til smuler
  • 2 dl kraft

Bland alt saman godt saman og steik stoore kjøtbollar. Dei treng ikkje verte heilt gjennomsteikte, dei kan koka ferdig i sausen.

Saus:

  • 1 boks hakka tomater
  • litt kanel, ingefær, muskatnøtt, salt, peppar
  • 3 ss olivenolje
  • litt rosmarin, helst fersk
  • 2 dl god kraft
Denne kan du godt starta med å laga. Han har så godt av å koka lenge! Så let du han småputra. Rør forsiktig når du har hatt i kjøtbollane berre, elles smuldrar dei seg opp.

 

Pastaen finn du lenkje til her.