Eg synst det er så utruleg fint å kunne laga noko lett og raskt til lønsj når det er så fantastisk sommarver som me har no om dagane. I går var me i butikken og kjøpte så utruleg mykje godt av grønsaker og salatstoff, så no kan veret berre halda seg! Alt saman av dei er forresten både kortreist og økologisk, og det er utruleg fint. Skulle gjerne kjøpt mat rett frå bøndene eg, var det berre litt mer praktisk. Eg ser slett ikkje for meg nokon grunn til at eg skal legga att pengane mine hjå eigaren av Prix, til dømes. Legg forresten merke til dei utruleg fine tomatene i alle moglege fargar. Så utruleg fint! Så me laga hurtigsalat før me sprang ut i parken på st.hanshaugen og solte oss før Stian gjekk på jobb og eg gjekk tur og fann meg fleire andre parkar eg kunne sola meg i, eta is i og henga med vener i. Ganske supert på ein måndag!

Rask sommarsalat til to

  • 0,5 pakke ruccola
  • nokre tomater
  • ein pakke brune bøner
  • passe mykje brie eller tilsvarande
  • ein sjalottlauk
  • olivenolje
  • salt
  • peppar
  • rosmarin

 

Ha ruccolaen i iskaldt vatn ei lita stund før du har han i ei salatslynge og slyngar ut vatnet. Del opp det som skal delast opp og dander det litt her og der. Du kan varma bønene litt viss du vil, det gjer at osten smeltar litt og det er kanongodt. Eller du kan eta det kaldt, og det er og godt. Ringle over god olivenolje og ha på salt og peppar.