Ratatouille med kylling og couscous

Det er så sjukt varmt i Oslo om dagen, eg er greitt solbrent og utruleg takknemleg for at at eg ikkje les til eksamen eller avlegg eksamen eller har innearbeid om dagen. Elles startar eg i sommarjobb om ei veke, og timinga er jo perfekt, eg fekk tilbod om jobb same dagen som sommarferien starta skikkeleg på måndag. Det blir utruleg stort.

På slike fine sommardagar er det godt med noko litt lett til middag. Sidan me har så mange fine grønsaker om dagen tenkte me at ratatouille var fint. Så hadde me litt kylling og couscous og, og då er det jo lett! Pass forresten på å ikkje røra for mykje i ratatouillen, du lagar jo ikkje ein mos!

 

Ratatouille til fire

  • 5 fine tomater
  • 1-2 paprikaar, eg brukte snackspaprika, dei er ekstra gode, men andre funker og godt
  • 1 squash
  • 1-2 lauk
  • nokre fedd kvitlauk eller ein til to kinesiske kvitlauk (dei har ikkje fedd, som du kanskje ser på biletet over, dei er og litt mildare)
  • salt og peppar
  • 2 ss tomatpuré
  • nokre blad basilikum
Del alt til ratatouille i terningar og steik grønsakene i litt smør på middels til høg varme til dei er mjuke. Ha i litt tomatpuré og krydder og heilt til slutt har du i basilikum.
Kylling
  • 4 kyllingfiletar
  • smør til steiking
  • salt, peppar, litt urter viss du har
Steik kyllingen på middels varme i om lag to minutt på kvar side, legg så på lokk og ettersteik i 6-8 minutt. La dei så kvila i nesten ti minutt før du skjærer dei opp.
Couscous
  • 5 dl kraft eller vatn og buljong
  • ei ms smør
  • to koppar couscous
  • salt og peppar

Kok opp vatn og ha i couscous. Trekk av plata og la det trekka til alt vatnet har trekt inn i couscousen og til couscousen er ferdig – om lag fem minutt. Ha i meir vatn viss det vert tørt. Ha i smør, salt og peppar og rør det luftig.

 

 

 

 

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Dette må være den flotteste bloggen jeg har sett på lenge! Vakre bilder, og mye godt å se på.

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.