Store kveitebollar

Ein dag eg gjekk i tiande klasse på ungdomsskulen kom Elin innom med sjukt store og luftige kveitebollar. Ho gjekk på kokkelinje like ved og det var utruleg stas (både at ho gjekk på skule så nær at me kunne sjå kvarandre i friminutta av og til, og bollane). Dei bollane greidde eg aldri å gløyma, ei heller å laga maken til. Det er noko fabelaktig med dei svære, litt flate, luftige bollane og den matte og litt tjukke overflata som held det saman. Og ein fabelaktig smak og lukt av kardemomme. Himmel. Men eg har øvd, og eg trur desse er ganske nære min idé av perfekte kveitebollar i allefall.

Dei må sjølvsagt serverast med smør og ost på, eventuelt med smør og syltetøy. Og så må du ha mjølk til, eller is-te. Så er livet uendeleg godt.

  • 1 liter heilmjølk
  • 100 gram gjær
  • 200 gram sukker
  • 2 ts kardemomme
  • 200 gram kaldt smør
  • om lag 1,8 kg kveitemjøl (eg brukte eit mjøl med ekstra gluten i forresten)
Kok opp mjølka og kjøl ned til om lag 37 grader. Rør ut gjær. Ha i sukker og kardemomme og mjølet, litt etter litt. Spe på mjøl til det blir passe, men ikkje ha i for mykje, då vert bollane harde og tunge. La deigen gå lenge i kjøkkenmaskina, og ha i smøret i terningar mot slutten, og set deigen til heving. La deigen heva GODT.
Del deigen i 20 bollar, og trykk dei litt flate. Etterhev ein halvtime på steikebrett. Pensla dei med mjølk, og steik på 200 grader i om lag 15 minutt. Følg godt med og ta dei ut når dei har fått fin farge.

← Previous post

Next post →

4 Comments

  1. Elin Hidle

    Gode minner! Gledar meg til å smaka 🙂

    • samd! det var suverent. eg skal laga bollar til deg når du kjem på piknik eg:)

  2. Jeg har nå bakt boller etter oppskriften din, men jeg brukte mindre sukker og littegrann havregryn. Håper de blir gode!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.