Eg øver meg på gjærbakst om dagen. Så tenkte eg at eg måtte læra meg å laga litt fine kanelbollar, for dei eg lagar har liksom ikkje forbedra seg utsjåandemessig frå dei greiene eg fekk med meg heim i trolldeig sidan barnehagedagane. Dei blei ikkje sjukt fine denne gongen heller for å seie det mildt, kanskje må eg slå meg til ro med rustikt/heimelaga preg (er det ikkje det det heiter når det ikkje ser strøkent ut?).

Du veit forresten at du har hatt ferie litt lenge når du set ein deig før du legg deg sånn at du kan laga ferske bollar til frukost og matpakke til kjærasten som framleis skriv eksamen. I dag har eg forresten og min fyrste arbeidsdag. Eg er himla spent!

Morten Schakenda har ei fabelaktig bok om bollar, brød og sånt som eg ønskjer meg veldig. Oppskrifta eg har brukt på kanelbollar og vanlege bollar i dag er hans og derfrå, eg har redigert ho litt etter eigne preferansar.

Deig:

  • 900 g kveitemjøl (eg brukte vinjettmjøl som er vårkveite og inneheld meir gluten – det held på meir vatn enn vanleg mjøl)
  • 5 dl heilmjølk, 25-30 grader
  • 150 g sukker
  • 150 g smør i terningar
  • ein halv pakke gjær
  • 1 stort egg
  • 1,5 ts salt
  • 1,5 ts kardemumme
Fyll:
  • mjukt smør
  • sukker, gjerne brunt
  • kanel
Ha alle ingrediensane til deigen utanom smøret i ein bolle og elt alt i eit kvarter i eltemaskin. Eller meir, viss du vil. Ha i smøret og elt minst eit kvarter til, til deigen slepp bollen. Du får tilpassa deigen etter kvart så du får ein fin og god deig. Ha plast over bakebollen og sett deigen til heving og hev til deigen har dobbel storleik – hev under plastfolie. Det tek lengre tid enn vanleg når du bakar med kaldare deig, men det gir bollane betre smak og konsistens, så gå for det!
Bak ut bollane og hev dei til dobbel storleik att, og steik dei på 200 grader i om lag eit kvarter. Så er det berre å kosa seg.
Eg bakar ut kanelbollar slik: Kjevle ut eit ganske tynt rektangel og smør det med smør, sukker og kanel. Brett deigen slik at han ligg tredobbelt, kjevle litt til og skjær i strimlar som du tvinner og lager ein knute på. Pensla gjerne med litt egg og dryss på litt perlesukker (det gjorde ikkje eg, for det var tomt for egg.)