Bursdagsmiddag

Han eg bur med har bursdag i dag og skulle avgjere kva me skulle ha til middag. Sidan han er så himla glad i pasta så vart det no det: Kjøtbollar og tagiatelle. Og sjokoladefondant til dessert. Det er lurt å begynna med sausen: Ta tomater, paprika, soltørka tomater, paprika, stangselleri, lauk og basilikum og del sellerien, paprika og lauken i bitar og sleng alt saman (utamom basilikum) i ei gryte med ein god skvett olivenolje. La det koka så lenge du kan, gjerne i ein time eller meir, før du vurderer om du vil køyra det litt glatt med stavmiksar. Rør av og til, forresten, og smak til med salt og peppar. Ha i basilikumen heilt til slutt, for den toler ikkje så mykje og lang varmebehandling, for då fordampar aromaen. Eg køyrer det berre litt med stavmiksar, og så tek eg vare på litt av bitane, dei er heilt fine.

Tomater skal forresten oppbevarast i romtemperatur og utvikla smak og aroma. Skal du laga suppe eller tomatsaus kan dei godt vere på grensa til, eller heilt overmodne og søte, det er berre godt!

Av ein pakke kjøtdeig, ein halv pakke pinjekjernar, litt lauk, litt tørt brød, basilikum, ein god neve parmesan, eit egg og ei klype salt lagar du kjøtbollar: Eg ville ha dei litt fastare enn eg pleier, og desse vart supre. Eg køyrte berre tørre brødbitar, lauk og pinjekjernar i foodprosessor fyrst, til det var finmalt, før eg hadde i resten, og lot det blanda seg godt. Lag ganske små kjøtbollar og set dei på eit steikebrett og steik på 200 grader i ti minutt, så slepp du å steika dei i panne og. Kjempeenkelt. Så slengjer du dei berre i tomatsausen når den er ferdig. Så godt så godt!

Ta 250 gram durumkveitemjøl (tipo 00, heiter det), eitt egg, fire eggeplommer og bland veldig godt saman. Dess meir du eltar dess betre vert det. Ha i ei matskei vatn viss deigen er for fast, eller litt meir mjøl viss deigen er for laus. Meir utførande om pastalaging her.

Når du har jobba nok med deigen kan du samla han saman og kle han i plastfolie så han ikkje tørker ut. Han kan veldig godt få kvila litt før du køyrer han gjennom pastamaskinen. Køyr pastadeigen så gjennom pastamaskinen og kok i nokre heilt få minutt i salta vatn før du har han i eit dørslag og heller på litt olivenolje du kan røra inn. Så må du berre få det servert med ein gong!

Og så blei det pasta med kjøtbollar. Gratulerer med dagen kjærasten min.

2 tankar på “Bursdagsmiddag

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.