Heimelaga pasta går kjøpt pasta ein høg gang. Det er altså så utruleg godt. Du kan setta til smak og farge etter kva du ønsker deg, og laga i det formatet du vil ha, om det er spagetti, lasagneplater eller tagliatelle. Ein enkel grunnregel er: 100 gram mjøl til eitt egg. Ein del pastaoppskrifter bruker fleire eggeplommer enn eggekviter, og det vanlege er å bruka tipo 00-mjøl, eit durumkveitemjøl med høgare gluteninnhald. Det er og viktig å blanda utruleg godt, at deigen vert mjuk, men fast, og ikkje klissete, og at han får kvila ein times tid før du former han som du vil ha han. Det enklaste er heilt klart å laga pasta med pastamaskin som kjevler ut passelege leivar og lagar spagetti eller tagliatelle eller kva du no vil ha.

Vanleg, gul pasta:

  • 250 g italiensk kveitemjøl, tipo 00
  • 1 egg
  • 4 eggeplommer
  •  1 ss olivenolje
  • 1 ss vatn
Vidare kan du prøva deg med andre smakar: Kva med kvitlauk? Bruk i såfall mykje meir kvitlauk enn du trur (gjeld og andre smakar), for mykje forsvinn i kokevatn og i det heile. Eg laga raud og grøn pasta.
Raud pasta:
  • 1 egg
  • 110 g mjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ss tomatpuré

Grøn pasta:

  • 1 egg
  • 130 g mjøl
  • tre spinatputer (brukte frosne, klem endeleg ut så mykje vatn som mogleg)
  • fem blad basilikum
  • 1 ts olivenolje

Eg køyrte basilikum, olje og spinat heilt glatt før eg hadde i egg og mjøl, og tilsvarande er lurt å gjere med alt som har biter eller klumpar i seg. Det funker så dårleg med klumpar i pasta!

Ha godt med mjøl på pastaen når du har bakt ut dei variantane du vil ha, elles klumpar dei seg godt saman og gjer livet ditt surt. Klok av skade. Viss du ser at du har laga meir enn du kjem til å ete opp kan du 1) legga litt av deigklumpen du har att i kjøleskåp (helst ikkje meir enn to-tre dagar) eller alternativt i fryseren og ta opp av frysaren ved behov, 2) forma tagliatelle eller kva enn og legga det i kjøleskåp eller fryser eller 3) koka pastaen og ha han i kjøleskåp nokre dagar. Alternativ 1 er heilt klart best, sjølv om alternativ 2 er mest praktisk.

I alle fall: Fersk pasta skal koka 1-3 minutt berre. Pass godt på! Hell det over i eit dørslag, ha på olje og server med ein gong!