Varme rundstykker til frukost er liksom heilt greitt. Dette er verdas enklaste frukostrundstykker. Dei får sprø skorpe og holete, smakfull innmat, og det tek nesten ikkje tid i det heile. Det er verdt det å stå opp ein halvtime tidlegare for varme rundstykker!

Bland saman ein litt klissete deig av dette:

Ciabatta til frukost:

  • 500 g kveitemjøl
  • 4 dl vatn, kaldt
  • 1 ts tørrgjær
  • 1,5 ts salt

Rør det saman til ein ganske blaut deig, og hev det i tolv til atten timar. Når deigen har heva ferdig er han boblete. Hell deigen ut på eit mjøla bakepapir og brett han over seg sjølv om lag tjue gonger, og brett inn litt mjøl for kvar gong. Deigen vil som sagt gjerne vere litt klissete, men det er heilt greitt. Del deigen i åtte emner og form dei litt runde med hendene og ha dei på steikebrett. Legg eit klede over så dei ikkje tørker ut og la dei etterheva ein halvtime-time. Steik dei så på 220 grader i tjue minutt, og avkjøl på rist. God frukost!

 

Ps. Viss du forresten ikkje et opp alt med ein gong kan du godt frysa dei og tina dei opp når du vil eta dei. Du må oppbevara ciabattaene i ein handduk og ikkje i plast, for då blir skorpa mjuk. Viss du vil ha sprøare skorpe og varma dei er det berre å varma dei i nokre minutt på 200 grader så er dei så gode som nye att.