Foccacia er ein av desse andre tinga som berre er så utruleg godt. Du kan ha mange gode greier i, og på, og det er godt til grillmat, kjekt å ha til ein salat eller til heilt andre ting. Du kan jo berre ha i tinga du trur eg godt til det du skal eta og forsåvidt.

 

Som så mykje anna er foccacia og noko eg lærte av SuperElin. Oppskrifta er og frå ho, berre lett moderert ut ifrå kva me hadde tilgjengeleg av smakstilsettingar.

Du treng:

  • 2,5 dl lunka vatn
  • 0,25 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • ½ dl olivenolje
  • 1 ms fersk, hakka timian
  • 1 ms hakka soltørka tomater
  • ½ hakka kepalauk
  • ein god neve hakka oliven
  • 400 g kveitemjøl
  • olivenolje
  • maldonsalt

Bland vatnet og gjæren og ha i olje, 1 ts salt, hakka timian, soltørka tomater, kepalauk, oliven og mjøl og elt det godt og lenge til ein fin deig. Det er viktig at deigen er på den klissete sida, og ikkje for tørr. La deigen heva til minst dobbel storleik på ein lun stad.

Elt deigen litt og form ein flat leiv. Ha olivenolje på, både under og over, og ha maldonsalt på toppen. Eg hadde og soltørka tomater, litt oliven og timian på oppå, her hadde det nok vore godt med cherrytomater. Etterhev til om lag dobbel storleik att, før du steiker på 180 grader i om lag tjuefem minutt. Avkjøl på rist.

Frys gjerne ned det de ikkje et, og ta det opp og la det tina før du varmer det i nokre heilt få minutt på 180 grader før servering.