Foccaciaburgerbrød:

  • 2,5 dl lunka vatn
  • 0,25 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • ½ dl olivenolje
  • 1 ms fersk, hakka timian
  • nokre soltørka tomater
  • 1 sjalottlauk
  • ein god neve hakka oliven
  • 400 g kveitemjøl
  • olivenolje
  • maldonsalt

Bland vatnet og gjæren og ha i olje, 1 ts salt, hakka timian, soltørka tomater, kepalauk, oliven og mjøl og elt det godt og lenge til ein fin deig. Det er viktig at deigen er på den klissete sida, og ikkje for tørr. La deigen heva til minst dobbel storleik på ein lun stad.

Elt deigen litt og form åtte små leivar. Ha olivenolje på, både under og over, og ha maldonsalt på toppen. Ha på litt oliven, halve cherrytomater, salt og timian på oppå. Etterhev til om lag dobbel storleik att, før du steiker på 200 grader i om lag tjue minutt. Avkjøl på rist.

Frys gjerne ned det de ikkje et, og ta det opp og la det tina før du varmer det i nokre heilt få minutt på 180 grader før servering.

Ta litt tomater, lauk, urter, salt og peppar og finhakk det og kok det lenge og vel. Bruk blender på sausen til det vert ein fin og glatt tomatsaus.

Ta ein pakke karbonadedeig, ein lauk, to soltørka tomater, litt basilikum, salt og peppar. Finhakk lauken og bland alt godt før du former burgerar som du steiker på middels varme.

Lag ein salat av salatting du har liggande: Ruccola, andre salatar, basilikum, agurk, tomat, litt bønner. Legg salaten ein halvtime i iskaldt vatn før du tømmer av vatnet og slyngar ut vannrestane i ei salatslynge, og dander alt fint i ein bolle.

Kjempelett og kjempegodt.