Gjesteblogg frå Elin. (Berre, kven vil ikkje helst at det alltid skal stå ei skål med slik konfekt på kjøkkenbordet/skrivebordet/andre stader?)

 

Sjokoladekonfekt

Dette var eit prosjekt eg hadde lyst å gjera lenge. Heimelaga konfekt. Så alt er litt sånn i prøvefasen, og oppskriftene vil nok varta endra etter kvart.

Fyrst: Smelt 200 g mørk kokesjokolade, og smør nokre former med det: Hell nedi og hell på formene så det renn på kantane, så du får eit «skal» du kan fylla med fylla nedføre.

Dette er nok sjokolade til nokre former med fylt konfekt, peppermyntekonfekt, ein del prøving og smaking.

Rabarbrakonfekt

  • 1 dl rabarbrasaft
  • 1 ss sukker
  • 2 pl gelatin
  • 2 jordbær i små terningar

Legg gelatinen til bløyt.
Ha saft og sukker i ei gryte, og varm opp til sukkeret er oppløyst. Kryst gelatinplatene og smelt gelatinen i safta. La det bli litt avkjølt. Bland jordbærterningane i og fyll i sjokoladesmurte former. Når det er stivt støyper du sjokolade på toppen. Voila; heimelaga konfekt 😉

Peppermyntesjokolade

  • 50 g smelta sjokolade
  • 3 dråpar peppermynteolje

Smelt sjokoladen og rør inn peppermynteolja. Ha i former og la det stivne.

Bilde 5

Salt karamell med kvit sjokolade

  • 100 g sukker
  • 1 dl fløyte
  • 100 g kvit sjokolade
  • 2 g maldonsalt
  • 25 g smør i terningar

Smelt sukker til lys karamell over middels varme. Ha i fløyten og salt. Rør til sukkeret er oppløyst og massen er jamn. Ha i sjokoladen og rør til den er smelta. Ha i smørterningane og rør det inn. Avkjøl litt.
Smør kantane i doble papirformer med sjokolade. Ha i karamellen. Når dette er stivt nok støyper du over sjokolade. Her gjekk eg tom for sjokolade, så nokre karamellar blei utann lokk

Du kan fylla konfekten med akkurat det du ynskjer. Alt av moussar, fromasjar, krem, gele, nøtter. Flytande eller meir tjukke fyll. Berre fantasien set grenser.