Fiskesuppe er kanskje det beste eg veit. Og det er så godt, og så enkelt. Du tek eigentleg det du har av fisk, grønsaker og kraft, og så har du det i i rett rekkefølgje så alt er passe kokt, men ikkje overkokt, og så smakar du til og serverer. Så enkelt. Så godt. Her er dagens fiskesuppe:

Fiskesuppe

  • 800-1000 g fisk – laks, torsk og brosme (alt går, men ikkje makrell.)
  • 300 g reker
  • 1,5 liter kraft
  • 1,5 dl kvitvin (eller eplejuice)
  • 3 dl fløyte
  • 3 små lauk i ringar
  • 1 purre i ringar
  • 2 store gulrøter i bitar
  • 2 poteter
  • 1 fennikel i skiver
  • ein kvart blomkål i bukettar
  • 1,5 ms sukker
  • 4 ms kvitvinseddik
  • 3 ms smør
  • 3 ms fløyte
  • 3 eggeplommer
  • saft av 0,5 sitron
  • salt, peppar

 

Dette gjer du:

Steik lauken til han er mjuk, men ikkje brun. Ha i kvitvin, kraft og fløyte, og småkok i eit kvarters tid. Ha i purrelauk, poteter, fennikel og gulrøter (legg til side littegranne gulrot i stavar og nokre fine blomkålbukettar), og trekk til dei er nesten møyre, og så har du i blomkålen og. Det går granske fort – ikkje overkok grønsakene. Ha i sukker og eddik og smør. Ha i fisken i terningar og la det trekka bittelitt til den og er ferdig. Bland eggeplommene og fløyten og rør dette forsiktig inn og, men ikkje kok suppa meir no. Smak til med sitron, salt, peppar og ha i rekene og server. Håpar det smakar!