Lauksuppe er billig, sunt og godt. Dessutan ser det så bra ut!

Du treng:

  • to store lauk
  • litt kvitlauk
  • nokre tomatar (eller ein boks hermetiske tomater)
  • ei matskei tomatpuré
  • ein skvett vin eller eplemost
  • kraft
  • smør til steiking
  • salt, peppar, basilikum, oregano eller andre krydder du liker pluss litt sukker som motbalanse til tomatene
  • litt brød
  • ost
  • litt chili viss du vil

Steik lauk og kvitlauk i litt smør til det vert mjukt og blankt. Dess betre tid du tek deg, dess betre blir suppa. Hell over kraft, skolda tomater i bitar, og væska. Du må eigentleg sjå litt an kor mykje væske du treng. Kok det godt og lenge og smak til med krydder. Set brødskiver med ost under grillen, og server suppa med ostesmørbrød i.