Det er enkelt og greitt å steika laks. Men sidan laksen er litt ujamn i kor høg han er, kan du ta eit fiskestykke og skjæra det til skinnet og så bretta han sånn at det vert som ein sommarfugl. Då vert han like tjukk over heile, og alt vert like fort ferdig. Lurt! Resten av middagen tek du i denne rekkefølgja:

Poteter: Du startar med å varma omnen til 210 grader, vaska og dela poteter i båtar og ha godt med solsikkeolje, salt, peppar og paprikapulver på. Desse skal få steika til dei er møyre og litt sprø. Ha gjerne grillen på mot slutten viss du vil at dei skal verte verkeleg sprø.

Lauk og sopp: Skjær lauk i gode bitar og sopp i skiver. Steik dei på middels til svak varme i smør ganske lenge til det vert mjukt og blankt. Ha i litt salt og ein god klatt creme fraiche.

Gulrøter: Kok gulrøter møyre – dei skal ha tyggemotstand. Det tek ikkje veldig mange minutt.

Laks: Det er lett å steika laks. Det er best viss du tek laksen ut av kjøleskapet ein halvtime før du skal steika han. Så varmer du steikefeitt, olje eller smør, i ei panne til det er godt og varmt. Så drysser du på salt og peppar, før du legg laksen i panna og steiker i 2-3 minutt på kvar side. Ta panna av varmen og la laksen kvila i 30 sekund. Server! Det viktigste med laks er at du ikkje varmebehandlar for mykje, for då vert det tørt og litt kjipt.