Kald kokt makrell

Noko av det beste eg veit er makrell. Steikt, kokt, røykt, makrell i tomat, varm, kald. Makrellen, den glatte og skinnande fisken som er bygd for fart, ein sterk og fin stimfisk som berre kjem innover fjordane når det vert sommar, og som elles held seg på djupare vatn. Makrellen, som manglar svømmeblære og som difor må svømma heile tida, heile livet, for å ikkje synka. Fisken er eit fabelaktig sommarteikn. Det er så fint med dei vekene kor ein berre kan køyra ut med båt, sleppa ut snøret og så får du makrell nesten uansett. Og både skinnet og kjøtet skin og blenkjer i fantastiske fargar. Biletet yter ikkje fisken rettferd, det er ein av dei vakraste fiskane. Eitt av dei sterkaste og finaste sommerminna eg har frå eg var lita er frå ein fisketur kor det blei skikkeleg regnvêr, kor me kom inn, og eg fekk kakao og skillingsbolle medan far filiterte fisk og så var det fisk til kvelds, på brødskive.

 

Kald, kokt makrell et du med agurksalat, gode, kokte poteter og ein rømmeklatt. Det er godt det.

Kald, kokt makrell

  • ein makrell per person (litt avhengig av storleik), skore i 3-4 cm breie stykker
  • laurbærblad (eg vel å leva litt etter filosofien: meir laurbærblad enn i oppskrifta har aldri skada. har ikkje slått feil til no)
  • heil peppar
  • godt med salt! Gjerne 2 ms per liter vatn
  • vatn
  • eddik, 2 ms per liter vatn

Ha alt unntatt fisken i ei gryte og kok opp. Trekk gryta av plata, og ha i fisken. La det trekka i om lag ti minutt før du kjenner på fisken – konsistensen endrar seg og flakar seg litt når han er ferdig. Ta fisken forsiktig ut av gryta, og legg på fat. Server varm, eller set det kaldt.

Agurksalat

  • 1 agurk
  • 0,5 dl vatn
  • 1 ms eddik eller sitronsaft
  • 0,5 ts sukker
  • 0,5 ts salt

Skjær agurka i skiver med ostehøvel og bland saman resten til ein dressing som du heller over. Set det kaldt til du skal eta.

 

← Previous post

Next post →

2 Comments

  1. Erik Johansen

    Hei,
    det var dette med saltmengden..ms er vel måleskje, vil jeg mene..men det er vel bedre med desiliter pr. liter vann, som eksempel skal Skrei ha 5%, altså 1/2 desiliter pr. liter vann, jeg prøver det nå med makrellen jeg har kjøpt!
    Ha en god dag!

    • tja, ms=ss. og 3 ss=1 dl, så det blir ikkje så himla ulikt dei 0,5 dl du tenkjer på! tenkjer det går knallbra uansett! lukke til, då!

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.