Stian og eg har skulketorsdag og har skulka kvar vår førelesning. Sånt kan ein gjere når ein er vaksen, i allefall no og då. Og sidan torsdag er fiskedag var me innom butikken på veg heim og kjøpte fisk så me kunne laga fiskekaker. Å laga fiskekakene sjølv er ikkje særleg dyrare enn dei i butikken, men dei inneheld mykje meir fisk, og du kan ha i det du vil. Og så smakar dei betre då:) Dessutan er dei utruleg lette å laga. Eg lagar for mykje sånn at eg kan frysa ned når eg først er i gang. Det er veldig praktisk. Dette held til i allefall fira middagar for to:

Fiskekaker

  • 750 gram fiskefilet – eg hadde torsk, sei og steinbit
  • 2 ms potetmjøl
  • 1 stort eller 2 små egg
  • 2 dl fløyte 
  • Salt, peppar og muskatnøtt
  • Graslauk eller andre urter

Alt må vere skikkeleg skikkeleg kaldt når du lagar dei, så ha alt i kjøleskåpet så lenge som mogleg. Ha så alt i ein foodprosessor og miks til det har blitt ein glatt og fin masse. Du kan ha i litt lauk eller erter eller anna viss du vil, det er berre godt! Steik i smør.

Server med kokte grønsaker og ein karamellisert lauk:

Karamellisert lauk:

  • 1 lauk
  • godt med smør
  • 1 ms sukker
  • evt. 1 ts salt
Steik lauk i smør på låg varme til han er gylden. Det tek ei god stund. Ha i sukker, så blir det veldig veldig blankt og fint, og smak eventuelt til med salt viss du bruker usalta smør eller noko.