Av kjeks er dette dei beste, desse og havrekjeksane. Og dei er sjukt gode med mjølk til! Varier gjerne med ulike storleikar, med valnøtter eller med litt mørk og litt lys sjokolade (dessutan er kakedeigen i seg sjølv kjempegod..:) ).

Ingrediensar:

  • 100 g mandlar
  • 8 ms smør
  • 100 g kvitt sukker
  • 100 g brunt sukker
  • 1 egg
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ms vaniljesukker
  • 2 ts vatn
  • 100 g sjokolade
  • 4 dl kveitemjøl
  • ½ ts salt

 

Rist mandlane i omnen ved 200oC i 10 minutt, eller til de er gylne. Rør smør og sukker kvitt.

Tilsett egg, bakepulver og vaniljesukker. Hakk mandlar og sjokolade.

Bland inn de rista nøtter, sjokoladebitane, kveitemjøl og salt. Miks til alt er godt blanda.

Form deigen til en tjukk pølse, og legg pølsa i kjøleskapet til ho er kald.

Skjær deigen i det du synst er passeleger biter. Legg dei på en plate og trykk dei litt flate. Dei vil flyta litt ut, så la det være nokre cm mellom kvar kake.

Steik dei i om lag 20 minutt ved 190oC til dei er fint brune. Avkjøl på rist og drikk dei med mjølk.