Sushi er glimrande mat. Godt, sunt og ikkje så verst på pris heller, i allefall når du lagar det sjølv. Så er det eigentleg ganske lett å laga sjølv, det er berre det at det inneheld nokre ingrediensar eg ser føre meg at ein vanlegvis ikkje har i skåpet: Nori (sjøgrasark til å pakka inn maki (rullane, dei til venstre i biletet) i), sushiris, riseddik, sylta ingefær (dei lyserosa greiene framst i midten), wasabi (styggsterkt, det grøne framst litt til høgre). Så er det soyasaus, då, og fisk, eller anna sjømat viss du vil. Og så treng du ei lita bambusmatte du kan rulla makirullane i. Og så litt agurk og avokado. Overkommelege greier, eigentleg, altså.

Risen:

  • 250 g ris
  • 4 dl vatn
  • 2 ms sukker
  • 2 ms riseddikk
Skyl risen fleire gonger i kaldt vatn til vatnet er klart. La risen stå tjue minutt i iskaldt vatn, før du heller av vatnet og heller i fire dl kaldt vatn, set gryta på varmen og let det koka opp. La det småkoka i tjue minutt eller til vatnet har trekt inn i risen. Trekk så gryta av plata og la det kvila i ti minutt før du har i ein blanding av sukker og riseddikk som du rører inn veldig forsiktig så du ikkje øydelegg risen. La risen verte romtemperert.
Maki:
Maki er rullane.
  • to nori-ark
  • laks
  • agurk eller avokado
  • ris
  • vårlauk eller graslauk

Legg eitt av desse nori-arka på ei bambusmatte og fyll ris på tre firedelar av arket – la ein litan del vere tom sånn at den kan brukast til å lima rullen saman. Legg på laks og agurk eller avokado og litt vårlauk eller graslauk og rull saman. Det kan vere du treng å bruka litt vatn til lim på den delen av arket som ikkje har ris på, det finn du ut. Legg rullen kaldt og skjær opp og server.

 

Nigri:

  • ris
  • laks eller torsk eller kamskjell
  • wasabi
Skjær fine skiver av laksen, ganske tynne (om lag 3 mm er kjempefint). Skjær på skrå mot trevlene i fiskekjøtet. Lag små avlange bollar av risen og legg på eit fiskestykke. Du kan og legga ein liten prikk wasabi under fiskestykket. Topp gjerne med sesamfrø du har rista lett i panna. Kjempegodt!
Servering:
Server makiane og nigriane med soyasaus, wasabi og noko godt å drikka.