Noko av det aller beste eg veit er hønsefrikassé. Men no om dagen sel visst ingen høner lengre, for «det løner seg ikkje» og «ingen vil kjøpa høne». Det er sjølvsagt berre tull, men du får jo berre gjere det beste ut av det. Som eit ekstra pluss tek kyllingfrikasse berre ein brøktida å tilbereda og. Men viss nokon skulle ha høner liggjande eller veit kor desse er å få er det berre å seie ifrå altså. Denne frikasseen er dessutan gluten- og kveitemjølfri. Ein ekstra bonus! Og det er så godt så godt så godt.

Kyllingfrikassé til to:

  • to kyllingfiletar
  • 5 dl vatn + kyllingbuljong/kraft
  • to gulrøter
  • ei halv kålrot
  • to poteter
  • to persillerøter
  • 1 ms maizena
  • salt og peppar
  • 2 ms fløyte
  • 3 ms urter (timian og graslauk, eller det du måtte ha)

Kok opp kraft eller vatn med buljong. Ha i kyllingfiletar og la dei trekka i om lag ti minutt. Dekk dei til med aleminiumsfolie og ein handduk sånn at dei held varmen.

Skrell grønsakene og del dei i bitar og kok desse i om lag ti minutt eller til dei er møyre. Legg desse til side.

Ha maizena i litt kaldt vatn før du rører det inn i krafta medan du rører. Kok opp så det tjukner litt. Ha i finhakka urter, salt og peppar. Legg opp grønsaker på varme tallerkenar, skjær kyllingen opp og hell over saus.