Ein skulle alltid ete dessert. Det er fint for å få i seg «fem om dagen», og så er det jo godt då. Dessert MÅ jo ikkje vere kake!

Appelsindessert:

  • 1,5 appelsin per person
  • nokre bringebær
  • 1,5 ms vaniljekesam
  • 1 rute god og mørk sjokolade

Skjær den eine appelsina i båtar, hell litt bringebær over og skvis over safta av ei halv appelsin. Ha på litt vaniljekesam og finriv litt mørk sjokolade over. Topp!