Ein ny salat som fortener å kome i topp fem:

Vask og tørk babyspinat, og bland saman med godt med basilikum og timianblad. Risle over ei god olivenolje, salt og peppar. Skjær opp ein kyllingfilet (enten varm eller kald, me hadde restar att frå ein super stangekyllingmiddag i går og brukte dei kalde) og strø over bringebær. Finn brød og steik det litt på høg varme i olivenolje. Strø litt godt salt på brødet og server.