Gâteau Marcel

Du treng berre å kunne laga to kaker. Eg meiner, når folk ber deg laga ei kake til ei eller anna anledning, så veit dei som regel kva dei vil ha. Eller så er dei små ungar som skal ha barneselskap, og då må du kunne langpannesjokoladekake og. Så du må kunne langpannesjokoladekake og ei til som liksom er den du bidrar med i konfirmasjonar, haustfest hjå 4H eller på basar eller til 17. mai. Mor lagar alltid waleskringle, og Bente lagar alltid kvæfjordkake. Marianne lagar alltid sjokoladekake, Olaug Hansen, som var dagmamma for systera mi og meg då me var små, laga lefser. Tante Liv laga alltid suksesskake. Alf, bror min, lagar sitronostekake. Eg tviler liksom ikkje på at dei er i stand til å laga fleire kaker og sånt altså, men det er liksom litt meiningslaust – du treng eigentleg berre ei. Du kan eventuelt strekka deg til å variera med eplekake på hausten. Det er innføre. Julekaker og anna slikt er sjølvsagt ikkje kake-kaker, så dei kan du ha i tillegg.

Mi kake er ei sjokoladekake utan mjøl men med sjokolademousse. Kaka er kjempefin viss du har glutenallergikarar i heimen. Du lagar eigentleg berre ein stor bolle sjokolademousse og steiker halve, så kjøler du ned den steikte botnen og stryker forsiktig resten av moussen over og avkjøler og let det setta seg. Du bør servera med kaffe og noko syrleg, til dømes sorbet. eller bær, på same måte som eplekake høyrer saman med vaniljeis eller krem.

Du treng:

  • 250 g god sjokolade med 65 til 75% kakaomasse
  • 250 g smør
  • 250 g sukker
  • 6 eggekviter
  • 5 eggeplommer

1)   Smelt sjokolade og smør i vassbad. Rør til det vert glatt.

2)   Pisk eggeplommer luftig saman med 1/3 av sukkeret.

3)   Pisk eggekviter og resten av sukker stivt med fine toppar.

4)   Rør sjokoladesmørblandinga saman med dei samanpiska eggeplommene litt og litt. Rør så inn en 1/3 av marengsen i sjokoladeblandinga, og vend så inn resterende marengs inn med ein slikkepott. Ver forsiktig så du ikkje rører ut lufta – heile poenget er jo å ta vare på den.

5)   Ha litt over halvparten av i ei smurt og sukra springform og steik den på 170 grader i 25-30 min, kaka sprekk litt opp på toppen – det er heilt greitt.

6)   Avkjøl på rist i om lag 30 min, sett kaldt til kakebotnen er heilt kald. No har botnen sunke saman, men det er heilt greitt, no worries, det skal vere sånn:) Som du ser er kantane høgare enn resten av kaka – du kan trykka ned kantane litt viss du vil, så får du ei jamnare kake som ser betre ut (men det er ikkje viktig – du kan sjå på biletet over at eg ikkje gadd). Ha over resten av moussen og sett kaldt nokre timar til moussen har satt seg. Kaka tåler fint å frysast.

← Previous post

Next post →

12 Comments

  1. Hei Liv!

    Bra innlegg, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

  2. wow… denne så SKIKKELIG god ut ;D gleder meg til å prøve!

  3. Bjørghild

    Flott blogg, flott oppskrift! Må berre seie at eg heiar på alle nynorske matbloggar 🙂

  4. Lekker kake, og sjokoladekake har alltid vært min favoritt:) Ha en videre fin dag da:)

  5. Hei. Lurer bare på hvor stor form du bruker.

    • hmmm, 24cm i diameter trur eg. eller 22. begge dei vil heilt sikkert gå kjempefint 🙂

  6. Hei. Setter ikke moussen seg mens kaka steker og avkjøles? Er den den skal stivne før jeg får den over kaka?

    • godt spørsmål, som eg og har uroa meg for hundre gonger! og svaret er: nei, ikkje heilt! det går knallbra, lovar. eg prøver å avkjøla kaka så kjapt eg kan, då, enten ved å setta ho på verandaen om vinteren eller i kjøleskåp om sommaren. avkjøler ikkje moussen like raskt – kald mousse set seg kjappare. har aldri feila til no 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.