Pasta med kjøtsaus er ekstremt takknemleg mat. Bokstaveleg talt når kjærasten din er pastaentusiast, og så er det jo verkeleg praktisk når du kan få brukt opp alle grønsaksrestane nedst i kjøleskåpet. Dette er i allefall ein sjukt bra pastasaus.
Du treng:
  • 400 g kjøtdeig
  • 1 stor lauk
  • nokre fedd kvitlauk
  • litt smør
  • 1 stilk stangselleri
  • 2 små gulrøter
  • 1 paprika i små terningar
  • 60 g bacon
  • litt pølserestar viss du har
  • 800 g godt modne tomater, skolda og utan skinn og i terningar
  • 2 ms tomatpuré
  • 3 dl kyllingkraft
  • salt, peppar, bittelitt sukker
  • timian, basilikum eller andre friske urter du måtte ha
  • nokre matskeier god olivenolje
  • ein skvis sitron

Steik lauk og kvitlauk til det er mjukt i litt smør, og ha i gulrøter og stangselleri i små terningar som får fresa med litt. Set til side, og steik kjøtdeig og bacon i små bitar i ei gryte saman med det du måtte ha av pølserestar. Ha så lauken i kjøtet, og ha i paprika, tomater, tomatpure, kyllingkraft, litt urter og nokre skeier god olivenolje. Kok det så lenge du kan, og spe eventuelt med meir tomater. Smak til med krydder og litt sitron og server til pasta, med godt med parmesan til. Lag gjerne mykje, så kan du frysa ned i porsjonspakkar og ta opp på tyngre dagar.