Det er kanskje ikkje veldig mykje som er meir julete enn brente mandlar eller sjokolademandlar. Det er verkeleg heilt topp, og så ser det bra ut og. Og det er jo rimeleg viktig det og. Sjokolademandlane er brente manlar som har fått eit sjokoladetrekk og kakao rundt, så viss du lagar det eine kan du vel så gjerne laga begge.

Karamelliserte mandlar:

  • 500 g mandlar utan skal (skold dei i nokre minutt i kokande vatn, så er dei lette å få ut av skinnet)
  • 60 g vatn
  • 250 g sukker
  • 20 g smør

Kok opp vatn og sukker til 117 grader. Så har du i mandlane og rører til dei har blit gyldne og karamelliserte. Dette krever at du er tålmodig – sukkeret vil bli kaldt fyrst og krystallisera seg før det smeltar att og blir karamellisert. Når det så endelig har blitt gyldent og fint tek du det av plata og rører i smøret. Så har du det utover ei bakeplate med bakepapir og lar det avkjøla seg. No kan du ha dei som dei er, eller laga sjokolademandlar:

 

Sjokolademandlar:

  • ein dose karamelliserte mandlar (sjå over)
  • 200 g mørk sjokolade
  • 100 g kakaopulver
Smelt sjokoladen og avkjøl han til han held rundt tretti grader (då er han tjukk og fin og øydelegg ikkje karamelliseringa). Ha mandlane i sjokoladen og rør til skokoladen av avkjølt seg og stivna rundt mandlane. Ha så i kakaoen og rør det saman. Hell av overflødig kakao og avkjøl blandinga litt til på brett før du pakkar det.