Det nærmar seg verkeleg jul og alt av julegåver er fiksa, det siste må berre pakkast inn. Kjærasten har vaska leiligheita og me skal snart få pynta juletreet. Far har alltod vore litt nøye på at ein ikkje pynter juletre før litle julafta, men eg skjønte plutseleg at den som er vaksen pyntar juletre når ho vil. Så då så!

Denne peanøttknekkvarianten er perfekt. Eg meiner: Karamell, peanøtter og sjokolade. Seriøs juletrivsel!

  • 500 g sukker
  • 500 g smør
  • 400 g peanøtter (legg til side ein neve nøtter)
  • maldonsalt
  • 200 g sjokolade

Varm opp sukker og smør til 150 grader. Ver varsam, det er sjukt varmt og skikkeleg kjipt å få ut over seg. Bruk sukkertermometer for å måla kor varmt det er, slike koster tjue kroner i butikken så det er eigentleg ikkje noko å lura på. Når smøret og sukkeret er herleg gyllent og luktar godt og altså 150 grader trekker du kjelen frå plata og heller oppi peanøttene og rører det saman. Hell alt i ei bakepapirkledt form, gjerne ei sånn halv langpanne. Når det har kjølna litt, men framleis er varmt, strør du over finhakka sjokolade. Når denne er smelta, stryk du han utover og heller over ein neve peanøtter du har hakka litt grovt og strør over nokre klyper maldonsalt. Oppbevar heile greia kjøleg. Brekk det opp og server eller gi bort.