Smudi er sunt, raskt og godt. Og når sambuaren har fått ny fin blendar i julegåve er det ingen grunn til å ikkje lage det ofte.

Du treng:

  • Vaniljeyouhurt
  • Ein banan
  • Ei pakke frosne blåbær
  • Appelsinjuice

Ein skal ikkje vere redd for å variere oppskrifta etter smak og kva ein har heime. Vanleg nøytral yoghurt fungerer også bra, og ein kan bruke ferske blåbær som ein har sete i frysaren ei stund i forvegen. Erfaringa mi er at den beste smaken på denne tida av året får du ikkje med ferske blåbær, frosne blåber frå Eldorado gir ein meir instens smak og dessutan ei mykje kulare farge.

Ta youhurt opp i blendaren (mellom fem og sju matskeier). Skrell bananen og del han opp i tre fire stykk før du tek han i blendaren. Hell over blåbæra og så ein slump appelsinjuice. Start blendaren. Om ikkje alle blåbæra blir knust med ein gong, så kan det vere at dei framleis er så kalde at dei har frose saman til ein stor klump. Då stoppar du berre blendaren og bryt det opp med ein skje før du startar opp igjen. Tilsett meir juice til du får riktig konsistens, smudi skal ikkje vere veldig tynn, men han skal heller ikkje vere så tjukk at du får problem med å helle over i glasa.

Denne oppskrifta gir deg to store glas med smudi, i tillegg til blå tunge og lepper ei stund.