Sitron- og valmuefrøkjeks

Du veit dei gongene du går på ein konsert eller ei førestilling fordi systera til ein i kollokvia di speler og du ikkje forventer at det skal vere så sjukt bra, men så er det det? Eller dei gongene du går inn i ein bokhandel fordi det pøsregner men så viser det seg at det er verdas finaste bokhandel? Eller du kom i kollokvie med ho som aldri seier noko som helst til vanleg og så plutseleg seier ho kjempesmarte ting og du lurer på om du ikkje nettopp har funne din nye besteven? Desse kjeksane er litt sånn. Dei har ikkje sjokolade eller nøtter i seg og dei er ikkje sjukt flotte. Men HEI dei er gode.

 

Heilt utruleg bort-i-natta gode sitronkjeks:

  • Safta frå ei sitron
  • 200 gram smør (halvparten smelta, halvparten ikkje)
  • 350 gram kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 160 gram sukker (halvparten i kjeks, halvparten til strø)
  • 1 egg
  • 2 ms rive sitronskal (berre det gule, det kvite smakar bittert)
  • 1 ms valmuefrø

Strø til kjeks:

  • 80 g sukker
  • 1 ms rive sitronskal (berre det gule)
  • 1 ms valmuefrø

 

Begynn med kjeksdeigen: Smelt 100 gram smør. Rør resten av smøret kvitt saman med sukkeret. Rør i det smelta smøret, sitronsafta, egget, sitronskalet og så resten. Rull ei pølse, pakk det inn i plastfolie og legg i kjøleskapet til det er kaldt. Skjær så 50 skiver som du ruller i strø-blandinga. Klem kvar skive ganske flat med eit glas og steik på 200 grader i 8-10 minutt, til dei er gylne på kantane. Avkjøl det heile på rist og oppbevar lufttett.

 

← Previous post

Next post →

3 Comments

  1. De ser knallgode ut!
    Lurer på om de er harde kjeks, tørre kjeks eller myke kjeks?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.