Studiekvardagen hos oss på pedagogikk innebærer ein god del tid i kollokviegrupper og på gruppearbeid. Anten me skal få levert inn felles arbeid eller berre lesa nok til å bestå eksamen. Og sidan det faktisk er ganske mykje arbeid, hjelper det med litt kollokviemat. Og der kor møtemat alltid ser ut til å vere pizza eller kinamat, er kollokviemat variantar av kjeks og kakar ein kan ete med hendene. Det er lite lavkarbo med kollokvie..:) Dette er Sara sine sjokoladekjeks. Dei er seriøst gode.

 

Sara sine kollokviekjeks

  • 325 gram mørk sjokolade (125 gram smelta, resten grovhakka)
  • 125 gram smør
  • 60 gram kvitt sukker
  • 70 gram brunt sukker
  • frøa frå ei vaniljestang (eller litt vaniljesukker)
  • 1 egg
  • 150 gram kveitemjøl
  • 2 ms kakao
  • 1,5 ts bakepulver
  • 0,5 ts salt

Rør smør og sukker kvitt. Ha i 125 gram smelta sjokolade og rør det godt saman. Bland så inn egget, og ha i resten. Rør saman. Rull til ei pølse som du legg i kjøleskap til det er kaldt, og skjær så 20 skiver som du steiker på 200*C i om lag 8 minutt.