Frukostblanding går det utruleg mykje av. Og så mange av dei har enten dei ekle tørka frukt-bitene (tørka banan! kvifor!) eller dei blir vasstrukne eller noko anna. Men så er det jo eigentleg ikkje hjernekirurgi å laga si eiga blanding, så gjer gjerne det.

Superkrønsj-frukostblanding

  • to og ein halv neve havregryn (helst store)
  • to nevar hasselnøtter
  • ein god neve mandlar
  • ei god neve rosiner
  • ein litan neve graskarkjernar
  • ei god matskei sesamfrø
  • ei matskei valmuefrø
  • ei god klype kanel

Grovhakk nøtter og graskarkjernar. Varm ei steikepanne på middels varme og rist nøttene, havregryna, frø og det andre kvar for seg (ikkje kanelen eller rosinene då. det treng du ikkje). Bland saman. Ha i eit glas eller ein boks, og server med kulturmjølk eller kva du vil.