Viss du skal baka brød treng du i all hovudsak: Mjøl, vatn, gjær, salt. Så blandar du, let det heva, steiker og det. Det er så lett å baka brød at alle kan klara det. Eg kunne argumentert med at mykje av det du får av kjøpebrød inneheld masse rare og unødvendige tilsettingsstoff som normale brød ikkje inneheld, at dei ikkje er ferske men snarare ofte har vore frosne og tinte før du får kjøpt dei og at dei er sjukt mykje dyrare, men det viktige er smaken. Kor godt det lukter når du steiker det. Kor fint det er å kosa seg med eit skikkeleg bra brød som du har laga sjølv. Eltefrie brød tek sånn fem minutt i arbeid, inga elting og resten av tida det tek er berre venting. Det er så verdt det.

 

Eg liker godt å ha i noko litt ekstra i brøda sånn for variasjonen og etter kva bruk dei er tenkt til. Dette er til dømes eit rosmarinbrød, og det er utruleg himla godt å ha ved sida av middag og supper. Eller til gode smørbrød forsåvidt – men ikkje noko til syltetøy- og nugattiskiver.

 

Rosmarinbrød:

  • 500 gram kveitemjøl
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 ½ ts salt
  • 4 stilkar rosmarin (uten sjølve stilken, og grovhakk blada)
  • 0,5 ts nykverna peppar
  • 1 dl olivenolje
  • 3 dl kaldt vatn
  • ei god klype maldonsalt
  • Ei gryte med lokk som tåler 250 C, t.d. ei jerngryte

 

Ha rosmarin, mjøl, gjær, salt, olje og vatn i ein bolle, og rør det berre nok til at alt er blanda med ei tresleiv eller noko. Deigen skal vere veldig klissete. Dekk til bollen med plast, og set han til heving i romtemperatur i 12-18 timer. Deigen er boblete på overflaten når han er ferdig heva.

Hell deigen ut på eit bakepapir med mjøl på og brett han over seg sjølv 12-14 gongar – til deigen vert fastare og vanskelegare å bretta (fordi han vert «rundare» på ein måte). Set bollen opp ned over deigen så han ikkje tørker ut, og la han ligga der til etterheving i om lag 2 timer.

Etter ein og ein halv time set du omnen på 250 *C, og set samtidig gryta inn på nedste rille til oppvarming. Når omnen har blitt 250 *C (og deigen har etterheva i minst 2 timer), tek du gryta ut av omnen.

Løft opp deigen på bakepapiret og hell han nedi den varme gryta. Det er den varme gryta som gir den sprø overflaten etterpå. Sett på lokket og putt heile greia i omnen. Strø gjerne litt maldonsalt over. Steik i 30 minutt (på nedste rille), og ta så av lokket og steik 15 minutt til.

 

Oppbevar brødet i ei ein handduk – ikkje i plast. Oppbevar  i plast, så blir skorpa mjuk. Oppbevar i tøy, så går alt bra.

DSC_7380