Kyllingsalat

Dette er ein kjempegod salat med varm kylling og lauk, og masse anna godt. Det tar akkurat så lang tid å laga at du får ein lesepause fra pensum, men ikkje så lang at du bør ha dårleg samvittighet for det liksom! Dette held til to, vil du ha til fleire så lagar du berre meir. Dressingen er nok til fleire, men berre ha han i kjøleskapet så har du jo dressing nokre dagar.

 

Salaten

  • 1 kyllingfilet
  • 2 egg
  • 10 delikatesselauk eller andre bittesmå lauk
  • 5 grønne asparges
  • 0,5 ts sukker
  • saft av ein kvart sitron
  • 0,5 frisesalat
  • 1 hovud hjartesalat

Dressing

  • 2 ms finhakka smålauk
  • 1 ms finhakka estragon og persille
  • 0,5 ts sukker
  • 0,5 ts kvitvinseddik
  • 1,5 dl mild olivenolje eller solsikkeolje eller ein blanding
  • salt og peppar
  • 1 ms sennep

 

Ha salt og peppar på kyllingfileten og steik i omnen på 160 grader i om lag 15 minutt. La han kvila før du skjærer han opp. Skrell og kok smålauk til dei er møyre. Hell av vatnet. Ha så litt sukker og sitron i kjelen og la det glassera seg. Kok asparges i salta vatn i eitt minutt – legg dei så i kaldt vatn. Kok egg i 8 minutt, kjøl den ned i rennande kaldt vatn og skrell dei og del dei i to. Vask og tørk salaten og skjær han opp. Ha alt i ein bolle og server med dressingen til, som du berre blanda raskt saman.

 

← Previous post

Next post →

6 Comments

  1. Hei super!

    Bra innlegg, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

  2. Takk for et godt tips, har tenkt å lage dette, men lurte på en ting. Hva akan jeg ha istedenfor asparges? 😀
    Ha en god dag videre.

    • Det er det fine med salat. Bare ta i noko anna du liker:) Det er godt med litt «krønsj» i salaten, så du kan jo vurdera å ha i litt sukkererter eller noko sånt! Lykke til:)

  3. Ser fristende ut, men hva betyr måleenheten «ms»?

Legg att eit svar

Superwoman.no er drive av WordPress med design frå Anders Norén.